Ny hobby, og då må ein selvfølgeleg blogge litt om dette!
I førre veke vart eg sitjande saman med mine vene sambuarar på ein laber ettermiddag utan fotball på TV..Vi forarga oss over kor plagsomme dei nye reklamene til Tine er. Eg er vand med å ta tak i ting, og fann difor ut at eg skulle sende dei ein epost..Her har vi den:
Hei.
Eg må seie meg luta lei av reklamene de driv å sender for tida. At det skal være mogleg å tape seg so enormt! Dei fyrste reklamene var fine, med småborn som drikk mjølk, smiler og ler, søler utover all mark, jau det var i det minste stas å sjå på..Reklamene dykkar med "Hermans Hermits- No milk today", var jo omtrent eit toppunkt i fjorårets begredelege reklameår..Mykje skabbete greier vart vist, men de skapte både ein snakkist og glede kring det enkle og morosame.. No er det to usmakelege karar som sprett bordtennisballar på magemusklane sine, og oppfordrar folket til å drikke mjølk og trene for å kunne gjere det samme! Eg brekk meg i søvn over dette! Ingen har vel behov for å bli lurt av dette? Ein ting er at det ikkje er mogleg å få til, men det er jo ein heilt begredeleg måte å legge fram produkta dykkar på!
Vonar de brukar energien dykkar på noko meir høveleg neste gong! De kan betre!
Glad i dykk uansett! Heilmjølk er best, ingen protest!
Mvh, Øyvind Aasen Gloppestad
Det dukka heldigvis opp eit svar, kun etter eitpar dagar..Her har vi det:
Mr Melk - tv reklame
Hei Øyvind.
Det er flott å høre at du er glad i TineMelk Hel selv om Mr Melk reklamene ikke har falt i smak hos deg. Vi i TINE er takknemlige for all konstruktiv kritikk vi får på måten vi kommuniserer på. Vi ønsker å ha et nært forhold til våre forbrukere, og en aktiv dialog er etter vår mening den beste måten å oppnå dette på. Vi videreformidler dine synspunkter til nøkkelpersoner i TINE.
Vi vil fortelle litt om vurderingene vi gjorde da vi laget Mr.Melk-reklamen. Hensikten med reklamekonseptet om Mr.Melk, er å gjøre folk oppmerksom på at melk er en naturlig kilde til proteiner, og hva slags funksjon proteiner har for kroppen. For å få frem dette poenget har vi benyttet oss av ironi og laget en parodi på en reklameklisje. Vi hører stemmene til "markedssjefene" i TINE som brainstormer seg frem til en drømmetalsmann, men så blir han til slutt overdrevet perfekt. De kommende episodene med Mr. Melk vil ytterligere poengtere ironien.
Det underliggende budskapet i filmene er at det er lurt å kombinere en aktiv livsstil med sunn mat og drikke.
Med vennlig hilsen
TINE SA
Linda Midtsjø
Forbrukerkonsulent
Dette vert nok ikkje siste gongen eg sender ein epost til ei bedrift, og de som vil ynskje å følgje denne kan snike dykk innom her av og til..Om de har nokre idèar om kva retning dette kan ta, er det berre å tipse!

